Velkomen til heimesida for Kvamskogen Næringslag

Her vil både brukarar og næringsdrivande finna informasjon om
Kvamskogen og Kvamskogen Næringslag.

 
 

Kvamskogen har mellom 20 og 60 km preparerte skiløyper i sesongen. Dei mest populære løypene går mellom Jonshøgdi og Furedalen og vidare til Mødalen (maskinpreparert til foten av Såta). Løypa frå Ungdomsheimen (Aktiven) og inn Steinskvanndalen er også populær. Sjå biledserie som viser løypene.

Friluftsrådet, Kvamskogen Næringslag og Kvam Herad har utgitt eit løypekart som viser dei preparerte vinterløypene. Kartet viser forslag til rundturar med løypebeskrivelsar og når dei ulike løypene blir preparert. Kartet er tilgjengeleg hos alpinsentra eller hos NAF'en på Kvamskogen. Kartet kan du også lasta ned ved å nytta deg av linken under:

Klikk her for å visa gatekart over området (PDF, ca 1 MB)

Klikk her for å lasta ned nytt løypekart for Kvamskogen (PDF, ca 8mb)

Tekstdelen til kartet er tilgjengeleg på BOF sine sider, klikk her for å lasta ned (PDF, ca 2 MB)

GPS - Etterkvart vel mange å ha med en GPS når dei er på tur, noko som kan vera eit greit tillegg til kartet. BOF har lagt ut nokre sporloggar fra løypene på Kvamskogen. Filene som er lagt ut er i et format som kan tas inn i kartprogrammet som fulgte med GPS'en og overførast til GPS enheten. Greit å ha med seg også som ein ekstra tryggleik hvis været slår om

Klikk her for å lasta ned sporlogg for dei mest brukte preparerte skiløypene på Kvamskogen

Kvamskogen skieldorado har nettsider med snørapport,og på skisporet.no finn du informasjon om kva løyper som er kjørt opp. Her på sidene finn du også web-kamera som gir god indikasjon på korleis snøforholda er.

 
 
 
Kvamskogen.com av Kvamskogen Næringslag